Nytt nummer av Kjelda ute

Nytt nummer av Kjelda ute

Framside Kjelda nummer 2 2012
Framside Kjelda nummer 2 2012
Kjelda er i desse dagar på veg ut til tingarane våre. I dette nummeret kan du lese om historia åt Sogns Barneheim, Førdefestivalen og mykje anna.

Kjerstin Risnes skreiv masteroppgåve om Sogns Barneheim på Leikanger. I Kjelda gjev ho oss eit glimt av historia om barneheimen. Cecilie Astrup Bustad fylgjer opp med ein artikkel om barnevernet og oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane. Vidare har Erle Hind intervjua Hilde Bjørkum, den engasjerte leiaren av Førdefestivalen. Elin Østevik har eit stykke om fotograf Knut Aaning frå Stryn, og frå Roald Skram har me motteke ein artikkel om korleis han opplevde nøytralitetsvakta i Måløy i 1939. Dette og mykje anna kan du lese om i Kjelda nummer 2 2012.

Dersom du ynskjer å abonnere på Kjelda kan du kontakte oss på fylgjande måtar:

Tlf: 57 65 61 00
E-post: postmottak.sffarkiv@sfj.no

Kjelda kjem ut med tre nummer i året. Eit årsabonnement kostar 195 kr. Tidlegare nummer finn du som pdf-filer.

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Det er veldig mange svært

Det er veldig mange svært interessante artiklar i Kjelda, men, i siste Kjelda spesielt, var det utruleg mange transkripssjonsfeil i artikkelen om branntakstforretninga hjå Thomas Drægni. Slik eg ser det, burde det ikkje vore attgjeve i det heile utan meir kvalitetssikring av innhaldet. Ein må hugsa på at slikt blir brukt som kjelde seinare, og utan ei korrekt attgjeving, blir det berre feil. Her manglar det både lesekunnskapar og forståing av skriftsspråket... Skjerpings :)

Per Olav Bøyum's picture

Takk for tilbakemeldinga! Det

Takk for tilbakemeldinga! Det var fleire på Fylkesarkivet som sleit med denne branntaksten, og me er klar over at det nok kom til å bli ein del feil i transkripsjonen. Me valde likevel å ta med avskrifta ettersom poenget var å få fram korleis bygningen såg ut. Det trur eg me lukkast med, sjølv om transkripsjonen ikkje er lytefri. Likevel er eg samd i at kvalitetssikringa nok burde ha vore betre, så me skal prøve å skjerpe oss ved neste kjeldeavskrift!

Dersom det ikkje er altfor

Dersom det ikkje er altfor omfattande, kan eg tenkje meg å hjelpe fylkesarkivet med transkribering...

Per Olav Bøyum's picture

Det set me pris på! Det er

Det set me pris på! Det er ikkje usannsynleg at me kontaktar deg neste gong me sit bom fast i ein gamal protokoll med gotisk skrift.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login