Nytt og spanande oppdrag for Fylkesarkivet

Nytt og spanande oppdrag for Fylkesarkivet

Kommunevåpen Flora kommune.
Kommunevåpen Flora kommune. Det rike sildefisket var bakgrunnen til at Florø fekk ladestadsrettar i 1860, og dette er den direkte årsaka til valet av våpenmotivet
Florø by 100 år i 1960. Fotografmester Malvin Horne
Fotografmester Malvin Horne. Florø by 100 år, jubileumsfeiring 16. mai 1960. Fest på festplassen der paviliongen står i dag. Ved kommunereguleringa i 1964 vart Flora ein "storkommune" som famna om dei tidlegare kommunane Eikefjord, Bru, Kinn og Florø by.
Flora kommune har gjort avtale med Fylkesarkivet om å ordne kommuneadministrasjonen sitt arkiv frå perioden 1964 – 1993.

I arkivet til Flora kommune står det viktig og spanande
dokumentasjon om verksemda til kommunen. Eit av desse arkiva skal no gjerast
klar til avlevering til Fylkesarkivet. Dette betyr at arkivmaterialet skal
gåast gjennom, finsorterast, at ein fjernar innhald som kan skade papiret og at
ein pakkar det i trygg emballasje og merker og registrerer det etter
arkivfaglege prinsipp. Arkivet som skal ordnast er det som dokumenterer
verksemda til sentraladministrasjonen og den politiske leiinga frå 1964 og fram
til 1993.

Ei av oppgåvene til Fylkesarkivet er å hjelpe kommunane med
å sikre at arkiva er tilgjengelege som informasjonskjelder og dokumentasjon for
kommunen. Dette betyr samstundes å tryggja arkiva som kjelder til historia og å
gjera dei tilgjengelege for alle for all framtid. Denne perioden femner om ei
tid prega av utvikling og endring. Arkivet dokumenterer såleis ei spanande tid
i Florø by si historie, med mellom anna sjukehussak, byutvikling,
næringsutvikling og vekst i industrien.

Fylkesarkivar Snorre Øverbø er svært nøgd med at Flora
kommune har gitt oss denne oppgåva.  

 –Dette blir på ein måte ein ny jobb for
oss. Fylkesarkivet har til no teke i mot arkiv frå dei aller fleste kommunane
våre som er skapt mellom 1837 og 1964. Perioden som kjem etterpå inneber ein
stor vekst i dei kommunale administrasjonane. Byråkratiet veks, dokumentflyten
vert større og arkiva vert enno meir omfangsrike. No er tida moden for å trygge
denne delen av historia og skaffe oss røynsler med desse arkiva.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login