Rolf Myklebust – morfar til komponisten og musikaren Rolf Graf

Rolf Myklebust – morfar til komponisten og musikaren Rolf Graf

Foto: Sunnmørsposten 30.mars 1985
Foto: Sunnmørsposten 30.mars 1985
Lesarane av Kjelda har sett at Fylkesarkivet skal ordna, katalogisera, digitalisera og formidla arkivet etter Rolf Myklebust frå Stryn.

Rolf Myklebust (1908-1990) var programleiar for Folkemusikkhalvtimen, som gjekk på NRK Radio søndags ettermiddagar, frå 1952 til 1978. Rolf Myklebust, også kalla folkemusikkhalvtimen personleg, fekk i 1983 Fylkeskulturprisen for den kulturverninnsatsen han har gjort for norsk folkemusikk i det heile, og særleg for folkemusikken i Sogn og Fjordane.

Eg er komen i gang med å ordna arkivet som inneheld mykje verdfull historie om folkemusikk både i og utanfor fylket.

Avisutklypp er ein del av dette materialet og ved ordninga av dette, fann eg eit klipp frå eit intervju gjort av Hanna Hånes i avisa Sunnmørsposten frå 30.mars 1985, i anledning Melodi Grand Prix 1985. Dette år vann Bobbysocks den europeiske finalen med La det Swinge. Intervjuet i Sunnmørsposten har overskrifta Slåtte-Rolf, funke-Rolf og Grand Prix. I dette nummeret er det eit stort oppslag med at desse to Rolf´ane er bestefar og barnebarn. Dette barnebarnet er den kjende komponisten og musikaren Rolf Graf.

Rolf Graf som er kjend både frå Melodi Grand Prix og funkgruppa Lava, og har spelt med blant andre Olav Stedje. Rolf Graf er bror til Håkon Graf, og desse to er dottersøner til folkemusikkhalvtimen personleg Rolf Myklebust. 

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login