Rolf Myklebust-prosjektet er avslutta
Rolf Myklebust-prosjektet er avslutta
Fylkesarkivet skriv i desse dagar sluttrapport til Norsk kulturråd. I mai i fjor løyvde kulturrådet 100 000 kr til å ordne, katalogisere, digitalisere og formidle arkivet etter musikaren og tradisjonsmusikksamlaren Rolf Myklebust (1908-1990). Myklebust vart fødd i Stryn i Nordfjord i 1908. Han var leiar for programposten Folkemusikkhalvtimen på NRK Radio frå 1952 og fram til han gjekk av med pensjon i 1978. I 1983 vart han tildelt Fylkeskulturprisen.
Dei involverte i Rolf Myklebust-prosjektet var musikkarkivar Erle Hind og prosjektmedarbeidar Bodil Nornes. Bodil Nornes arbeidde med det skriftlege arkivmaterialet, medan Erle Hind arbeidde med det audiovisuelle arkivmaterialet (lydopptak). Fylkesarkivet tok til med prosjektet 1. oktober 2011. Prosjektet vart avslutta 30. juni 2012.
Arkivet etter Rolf Myklebust blei deponert til Fylkesarkivet i 1993. Omfanget er 3 hyllemeter. Arkivet inneheld Rolf Myklebust sine private eigendelar, som han oppbevarde i leilegheita si i Oslo. I 1993 blei arkivmaterialet grovregistrert i arkivregistreringsverktøyet Asta, men elles er det ikkje blitt gjort noko med arkivet.
Det skriftlege arkivmaterialet inneheld mellom anna notisbøker frå opptaksferder, avisutklipp, personlege brev, private manuskript, radioprogram-oppsett, og manus til boka «50 år med folkemusikk». Materialet omfattar også noteskrifter etter andre utøvarar, ført i penna av Rolf Myklebust. Notematerialet inneheld også arrangement laga av Myklebust (arrangement av verk som er skrive av andre komponistar).
Det audiovisuelle materialet består av 6 kassettar og 13 spoleband. Dette er lydopptak der Rolf Myklebust har rolla som journalist i programposten NRK Folkemusikkhalvtimen.
Prosjektet kasta lys over ei rekkje juridiske problemstillingar som er nye for Fylkesarkivet si musikkavdeling. Arbeidet med prosjektet etter Rolf Myklebust har avdekt ei rekkje nye problemstillingar innan opphavsrett, åndsverk, personvern og publisering på internett.
Fylkesarkivet har ordna heile arkivet, og lagt det inn i arkivboksar. Lydmaterialet er digitalisert og registrert i Fylkesarkivet sin database for tradisjonsmusikk. Arkivet er registrert i registreringsverktøyet Asta, og publisert på Arkivportalen.no.
Les tidlegare nyhende om Rolf Myklebust-prosjektet her og her.
Om Stryn i kulturhistorisk leksikon
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Legg til kommentar