Skulehistorie og huldrer i Takle

Skulehistorie og huldrer i Takle

Takle skule, fotoavdelinga fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Mange tidlegare grendeskular har fått eit nytt liv som grendehus . Takle skule er ein av desse, og deler av skulehistoria vil no kome i bokform, saman med lokale huldrehistoriar.

Då Takle og Hjartholm grendelag skulle restaurere “Haugartun” grendehus, som gamleskulen no heiter, ville dei også grave fram litt historie om huset. Tanken var å finne ut kven som hadde vore lærarar ved skulen, men som ofte når ein byrjar å nøste i ein lokalhistorisk tråd vil han ingen ende ta. Primus motor for dette innsamlingsarbeidet, Monica Skjelanger Reknes, har i arbeidet med skulehistoria nytta både munnlege kjelder og lokalhistorisk litteratur, samt kommunalt arkivmateriale som Fylkesarkivet oppbevarer, dagbøker frå Takle skule, tilsynsprotokoll  for Takle skule, hovudbok for læraren i Takle og Breidvik skulekrinsar og skulestyreprotokoll frå dåverande Brekke kommune. I tillegg til eit vell av opplysningar om skulen, elevane og kvardagen deira,  gjev desse kjeldene viktige opplysningar om Takle skule som forsamlingshus. Her vart det halde skulestyremøte, juletrefestar, religiøse møter, møter i avhaldslaget og andre lag. Når Takle skule i dag er blitt grendehus med ei rekkje aktivitetar, er det ei historisk line som vert trekt vidare.

Å jobbe med lokalhistorie kan gje overraskande funn. Under jakta på foto lærarar som hadde vore tilsette ved skulen, snubla Monica Skjelanger Reknes tilfeldigvis over huldrehistoriar frå Takle og andre stader i kommunen, innsamla og nedskrive av ein av lærarane ved skulen, Kristoffer Vikne, morfar til sjølvaste Bjørn Dæli.  Desse huldrehistoriene er ein sjølvsagt del av den lokalhistoriske boka som vert lansert 6.august.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login