Stadnamn for Skodje på internett

Stadnamn for Skodje på internett

Midt på natta til i dag, 12. august 2011, blei dei siste stadnamna for Skodje lagt ut på internett. 4 067 namn ligg no med koordinatar og du kan sjå dei på karttenesta www.fylkesatlas.no. Namna fortel kvardagshistorie om arbeidsliv i gamal og ny tid. Du vil og finna namn som fortel om naturformer, spesielle hendingar, festar og segner.

I heile landet finn vi stadnamn med segner om Heilag-Olav. Dette er mange gonger namn på vasskjelder. I Skodje har dei namnet "Bomma" som er ein stein nær sjøen. Segna fortel at dette skal ha vore matbomma til Heilag-Olav. I Skodje er det og ei segn om ein Gomer som skal ha vore den første (bygdehovding eller småkonge) som slo seg ned på staden. Etter han finn vi stadnamnet "Gomerrøysa" som er ei gravrøys.

Eit anna stadnamn er "Børseura". I denne ura gøymde oppsitjarane i Grindvika våpen under krigen 1940-1945. Eit naturnamn er namnet "Kamferberget". Dette er eit svaberg med farge som liknar kamfer.

Dersom du vil sjå alle stadnamna for Skodje, går du til internettadressa www.fylkesatlas.no. Vel til venstre kultur og historie og hak av valet for stadnamn. Du vil då få opp alle stadnamna som er lagt ut for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Sidan brukar du "handa" (panoreringsverktyet) til å finna området du er interessert i. Så lagar du ein firkant med "forstørringsglaset" (zoomverktyet) så du kjem ned i landskapet så du kan lesa namna på kartet. Strevar du med å få opp stadnamna, kan du ringa 57 65 64 00 og få hjelp.

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login