Stein med innskrift i Gaular

Stein med innskrift i Gaular

Steinen med påskrifta OSS 1889
Steinen med påskrifta OSS 1889
Joar Sande har sendt oss biletet av ein stein med inskripsjonen OSS 1889, som han nyleg fann ved plassen Sandagjære i Gaular. Er det nokon som har meir informasjon om denne steinen?

Joar fortel at steinen vart brukt i muren på ei klopp ved Sandagjære, ein plass under garden Sande. Den kom til synet etter at kloppa vart køyrt sund. Men kva fortel inskripsjonen?

Joar opplyser vidare at:
Vegen forbi Sandagjære vart lagt ned rundt år 1900, og forklaringa kan vere at steinen sto ved vegen, slik at den var ganske ny då vegen vart lagt ned.  I Sandagjære var det utskifting i 1899 - 1901, kloppen vart kanskje mura like etter, og steinen lagt inn i muren då.

Arkivar emeritus ved Fylkesarkivet, Hermund Kleppa, opplyser at det å signere vegarbeid og bruarbeid med årstal var nokså vanleg. Men kven gøymer seg bak initialane OSS? Tips oss gjerne, anten i kommentar-feltet eller på e-post.

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Kanskje steinen er laga av

Kanskje steinen er laga av Søren Sande som budde i Sandagjære? O'en står litt høgare en dei andre bokstavane, kanskje det då ikkje er ein del av initialane, men står for noko anna?

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login