Synnøve S. Bjørset på turné med julekonsert
Synnøve S. Bjørset på turné med julekonsert
Saman med Solbjørg Tveiten (folkesong) og Sigbjørn Apeland (trøorgel), kjem Synnøve S. Bjørset (hardingfele og oktavfele) til å framføre julesalmar med tonar frå fylket, arrangert for song, fele og trøorgel. I tillegg til desse tre tek årets gjest, Tuva Livsdatter Syvertsen, del på konserten. Til vanleg er ho vokalist og frontfigur i hardingfeletrioen Valkyrien Allstars.
Musikarane reklamerar med «ekte julestemning, lite stress, ingen jingle-bells eller cola-nissar».
Billettsal ved inngangen.
Turnéen er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde og Fond for utøvende kunstnere.
Tysdag 6.desember: Gimmestad kyrkje, Sandane, kl. 20.00
Onsdag 7.desember: Kaupanger stavkyrkje, Kaupanger, kl. 20.00
Torsdag 8.desember: Eikaasgalleriet, Ålhus, kl. 20.00
Les meir om Synnøve S. Bjørset her.
Fylkesarkivet sine eigne lydopptak av Synnøve S. Bjørset finn ein her.
Om Jølster i kulturhistorisk leksikon
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Legg til kommentar