Tur til verdsarvområdet i Aurland

Tur til verdsarvområdet i Aurland

Stavkyrkja i Undredal. Foto: Elin Østevik
Stavkyrkja i Undredal. Foto: Elin Østevik
På båten. Marit Anita Skrede og Erle Hind. Foto: Elin Østevik
På båten. Marit Anita Skrede og Erle Hind. Foto: Elin Østevik
Styvi gard i Nærøyfjorden. Foto: Elin Østevik
Styvi gard i Nærøyfjorden. Foto: Elin Østevik
Aurland skofabrikk, orientering om skoen og historia. Foto: Elin Østevik
Aurland skofabrikk, orientering om skoen og historia. Foto: Elin Østevik
Tysdag den 30. og onsdag den 31. juli arrangerte kulturavdelinga personaltur for alle tilsette i fylkeskommunen sin kultursektor. Det blei to innhaldsrike og lærerike dagar med mykje kultur, historie og kulturbasert næringsutvikling på programmet.

Vi starta i Flåm. Der tok vi båt til Undredal. På turen utover fjorden fekk vi høyre om stadane og gardane vi reiste forbi. I Undredal gjekk vi først gjennom bygda opp til stavkyrkja. Denne vetle kyrkja har plass til vel 40 menneske, har gudsteneste ein gong pr. månad og blir mykje brukt til konsertar. Kyrkja er verdas minste stavkyrkje som framleis er i bruk. Veggane er fint dekorerte med måling av akantusrankar, frisiske liljer og franske blåklokker. Gaidinga vi fekk i kyrkja var svært interessant.

Sidan gjekk turen ned til kaia att og inn i eldhuset som er eit lokale for samling og formidling av arbeid og kultur i Undredal. Her var det Leif Inge Underdal som tok oss med inn i arbeidet i fortid og notid. Vi fekk smaka kvit og brun geitost med godt tilbehør.

Båten tok oss innover i Nærøyfjorden til Styvi. Her møtte vi Botolv og Kjellaug Hov. Dei fortalde om garden i gamal og ny tid og om å driva gard i eit verneområde. Vi fekk sjå dei mange gamle tinga på gardsmuseet. Derfrå gjekk turen til fots innover langs stranda på den gamle postvegen til landemerket Bleiklindi som er freda. Kvar vår står ho med gule blad i staden for grøne. Postvegen er fint mura opp og god å gå. Ved Bleiklindi vart vi henta av båten vår. Så gjekk turen til Aurlandsvangen og derfrå til Otreneset for å avslutta dagen med eit godt måltid av lokale råvarer i historiske omgjevnader.

Onsdagen var vi på besøk på kommunehuset og fekk høyra om kommunen sitt arbeid på kultursektoren. Vi fekk og høyra om arbeidet med verdsarvområdet og verdsarvparken. Så gjekk turen til Aurland skofabrikk. Her fekk vi med oss historia til aurlandskoen og fekk sjå produksjonen i dag. Derfrå gjekk turen til steinkyrkja på Vangen, Sognadomen. Denne imponerande kyrkja er den største steinkyrkja frå mellomalderen i Sogn.

Siste punkt på det innhaldsrike programmet var besøk og omvising på det nye og flotte kunstgalleriet i Lærdal før vi reiste heimatt.  

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login