Velkomen til Arkivdagen laurdag 12.november 2011

Velkomen til Arkivdagen laurdag 12.november 2011

Logo Arkivdagen 2011
Logo Arkivdagen 2011
Arkivdagen 2011 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (c) Kristján Logason
Arkivdagen 2011 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (c) Kristján Logason
Laurdag 12.november er det Arkivdagen 2011. På Arkivdagen kjem arkivinstitusjonar i heile Norden til å opne dørene for publikum. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane inviterar til arrangement på Fylkeshuset, frå kl. 11.00 til 15.00. Temaet i år er protest.

På Arkivdagen 2011, laurdag 12.november, kjem Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane til å ha fire tema:

- protestar knytt til sjukehusnedleggingar

- vern om Gaula

- protestar knytt til nedskjeringar i fylkesmusikarordninga

- musikkterapiutdanninga som tidlegare var ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd. Sandane. Samfunnsmusikkterapien er eit felt som er relatert til temaet protest ved at arbeidsforma legg vekt på demokrati og samfunnsendring, der arbeidet for å realisere retten alle menneske har til kulturell og sosial deltaking er ein viktig dimensjon. Samfunnsmusikkterapien minner oss altså om at det ikkje er akseptabelt at enkeltmenneske og grupper vert stengde ute frå deltaking i musikk og lokalsamfunn.

I løpet av laurdagen kjem det til å vere to føredragshaldarar: Johan Rørvik som var ein nøkkelperson i Vern om Gaula, skal snakka om dei aksjonane. Johs. B. Thue skal gje oss eit omriss av sjukehusprotestar i Sogn og Fjordane gjennom tidene. Rørvik skal halda sitt føredrag klokka 12.00, Thue klokka 14.00.

I tillegg vert det tre ulike fotoutstillingar; om alle tema utanom Vern om Gaula. Om dette tema vert det derimot ei lita utstilling og sal av bøker. Det vert også høve til å få ei omvising i dei flotte magasina våre.

Det er gratis inngang på tilskipinga i Sogn og Fjordane. Dessutan vil det vere servering av gratis kaffi og kaker.

arkivdagen.no kan ein lese fylgjande om tilskipinga: "Arkivdagen er et samarbeid mellom arkiver i hele Norden og omfatter alle typer av arkivinstitusjoner. Hensikten med Arkivdagen er å vekke interesse for arkivene som samfunnets minne – både for fortid og framtid. Arkivmateriale gir mange innganger til samfunnsutvikling, økonomisk og politisk historie, sosialhistorie og personalhistorie. Arkivens Dag startet i Sverige i 1998. Da oppsøkte cirka 35 000 publikummere 350 deltakende arkiver som holdt åpent hus. De positive erfaringene førte til at Svenska arkiv i samverkan för synlighet (SASS) ble dannet. I 1999 ble Arkivernes Dag arrangert også i Danmark i regi av Sammenslutningen av Lokalarkiver. I 2001 kom Island og Norge med, i 2002 Finland og i 2003 også Færøyene."

Les meir om tilskipinga Arkivdagen 2011 her.

Interesserte kan sjå brosjyren for Arkivdagen 2011 her.

Velkomen til Arkivdagen 2011, laurdag 12.november på Fylkeshuset, kl. 11.00-15.00.

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login