Workshop i fotobevaring
Workshop i fotobevaring
Eitt foto er ikkje berre eitt foto. Fotografi kan skapast ved hjelp av ulike kjemikaliar og på ulike medium – som til dømes papir, metall, glas og plast. Dei ulike fotografiske materialtypane varierer med tanke på kor følsame dei er for ytre påverknad som lys, temperatur og fukt. Nokre materialtypar vil brytast raskare ned enn andre. For fotoarkivaren er det viktig å identifisere dei ulike materialtypane i samlingane våre; det hastar for eksempel meir å få digitalisert acetatfilm frå 1920- og 1930-talet enn det gjer å digitalisere glasplater frå 1890-talet. Glasplatene står seg langt betre etter som åra går enn det acetatfilmen gjer.
Kurset på Preus Museum tok føre seg materialtypar frå fotografiets barndom i 1839 og fram til dagens digitale trykkteknikkar. Kurset var ei blanding av førelesningar og praktiske øvingar i å skilje ulike materialtypar frå kvarande. På den siste kursdagen stod vass- og brannkatastrofar i fotosamlingar i fokus. Gjesteforelesar Clara von Waldthausen frå Nedeland underviste oss i utarbeiding av katastrofeplan og konservering av vass-skada fotografi på denne siste kursdagen.
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Legg til kommentar