Aktuelt

(26.04.2013)
Folkesongar Unni Løvlid frå Hornindal slepp i dag si fjerde soloplate, som har fått namnet "Lux".
(19.04.2013)
Claus Rumohr Moe fekk i 1933 brev frå barndomsvenen sin, Kristoffer Kjos, som var misjonær i Mandsjuria. I brevet formidlar Kjos inntrykka sine frå ein turbulent region, der etterdønningane av den russiske revolusjonen framleis var synlege, og der nærveret av japanske soldatar var ein del av dagleglivet.
(15.04.2013)
Tredje pinsedag er det 150 år sidan Davik misjonsforening vart stifta. I det høvet har Fylkesarkivet digitalisert den fyrste møteboka for laget.
«Kommandøren» blei sett i rute sommaren 1891, og «Jotunheim» slutta ved årsskift
(10.04.2013)
"Kommandøren" grunnstøytte ved Nornes i Sogndalsfjorden hausten 1891. Og kva var årsaka? Jo, en desperat fyrvaktar med mageproblem.
Vidar Underseth og Leikny Aasen
(09.04.2013)
Fredag 5. og laurdag 6. april var det duka for den årlege Fylkeskappleiken. Årets kappleik var på Skei i Jølster, og vandrepokalane i år gjekk til Kari Malmanger (vokal), Synnøve S. Bjørset (spel) og Leikny Aasen og Vidar Underseth (dans).
Platecover Ny glød (Arne M. Sølvberg)
(09.04.2013)
Spelemannen Arne M. Sølvberg frå Stryn har slept plata "Ny Glød".
Førdefestivalen 2013
(05.04.2013)
Programmet for årets Førdefestival er no komplett. Festivalen kan frå 4. til 7. juli mellom anna by på tingingsverk med Majorstuen, og konsertar med Linda Gytri, Unni Løvlid, Kari Malmanger og Ottar Kåsa. Dessutan står danseforestillinga Kartellet på programmet.
Måleri av Julius Hartmann
(02.04.2013)
Ingunn Kroken har sendt oss bilete av eit måleri av Julius Hartmann, og lurer på kvar det er frå. Kjenner nokon av lesarane att lanskapet?
«Englenderen», Mr. Thomas Davis, fødd 25. april 1867 på Jersey, som blei berga i
(22.03.2013)
Den 13. mars 1883 grunnstøytte skonnerten «Satellite» frå Jersey på ein sandbanke aust av Norfolk i England. Utfallet av uhellet var uvisst. I verste fall kunne mannskapet måtta gå frå borde. Dei sette lettbåten på sjøen med skipspapir og andre verdisaker og 16 år gamle Thomas Davis om bord i båten for å passa på. Men lettbåten sleit seg og rak av austover og ut av syne utan at nokon kunne koma til med hjelp. Etter fleire timar greidde mannskapet å få «Satellite» av grunnen og trygt i hamn i Southampton. Kapteinen rapporterte om lettbåten og rekna med at Thomas var omkomen.
Kjelda nr 1 2013
(20.03.2013)
Fyrste nummeret av Kjelda for 2013 er i desse dagar på veg ut til tingarane våre. I dette nummeret kan du lese intervju med Karl Seglem, om norskamerikanaren som fekk oppkalla to byar etter seg, og om Dina Krog Paasche – den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login