Heim ›
Aktuelt
|
(29.01.2013)
Saman med Vestllandsforsking og fleire andre partnarar, skal Fylkesarkivet utvikle nye måtar å registrere og synleggjere innhald i arkiv og databasar. Utviklingsprosjektet er planlagd over 3 år, og vil ta i bruk ny og spanande teknologi som ofte blir om talt som semantisk web. Det vil vere første gongen denne teknologien blir forsøkt utprøvd i arkiv- og museumssektoren i Noreg i større målestokk.
|
|
(28.01.2013)
Fylkesarkivet har fått tildelt 37 500 kroner frå Kulturrådet til ordning av arkivet etter avismannen Per Håland. Materialet som no vil bli gjennomgått og katalogisert er variert, og inneheld mellom anna manuskript til artiklar og føredrag, korrespondanse, sakstilfang og foto.
|
|
(24.01.2013)
Ragnar Indrebø har gjort ein kjempejobb. På fritida har han digitalisert, transkribert og korrekturlest Steens massive manuskript om Førde si historie: "Steens skrifter om Førde sokn". Det er ei perle som har vore utilgjengeleg for dei fleste. No er over 1100 sider førdehistorie tilgjengeleg for alle. Gratularar.
|
|
(23.01.2013)
Brev til Fylkesarkivet kjem på postlista og kan lesast av alle, dersom det ikkje inneheld opplysningar som ikkje skal offentleggjerast.
|
|
(22.01.2013)
Fylkesarkivet arbeider for å sikre arkiva frå alle kommunane i fylket og fylkeskommunen. Ein av dei viktigaste måtane å sikre arkiv, er å syte for god oppbevaring. Arkiva i Fylkesarkivet sitt depot på Leikanger er gått ut av dagleg bruk, men representerer ein viktig og unik informasjonsressurs. Arkiva omfattar perioden frå slutten av 1700-talet og fram til 2000-talet.
|
|
(21.01.2013)
Torsdag 24. og fredag 25. januar er det duka for konsert med Gro Marie Svidal, Liv Ulvik og Åsmund Reistad i høvesvis Svidal grendehus og på Jostedal hotell.
|
|
(16.01.2013)
I dag er det fem år sidan den første bevaringsinstitusjonen la ut bilete til fri bruk på Flickr Commons. Vi feirar dagen med fire flotte fotogalleri sett saman av Library of Congress. I galleria finn du eit utval av dei mest populære og interessante bileta frå alle institusjonane som er del av Flickr Commons, Fylkesarkivet inkludert.
|
|
(14.01.2013)
Slektsforsking er i vinden for tida. Før ein kastar seg ut i kjeldegranskinga, er det ofte lurt å gjere seg kjend med dei prenta ættesogene. Fleire av dei ligg tilgjengeleg på Internett.
|
|
(08.01.2013)
I 1993 starta Fylkesarkivet å byggje opp ei samling med lokalhistorisk litteratur og relevant faglitteratur til bruk i arbeidet for arkivarane. Samlinga er ikkje eit utlånsbibliotek, men er til internt bruk. Vi kan likevel yte ein viss sørvis overfor brukarane våre, som å svare på spørsmål om bøker og kopiere innan regelverket.
|
|
(02.01.2013)
Frå og med 1. januar 2013 kan du bestille digitale kopiar av fotografia Fylkesarkivet forvaltar til private bruksformål. Med denne endringa ønskjer vi å gi deg større fleksibilitet i bruken av bilete frå fotosamlingane våre.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
