Aktuelt

Kari Malmanger (foto: Oddleiv Apneseth)
(14.03.2014)
Sundag 16. mars kl. 18.00 inviterer Luster Folkeakademi og Jostedal spel- og dansarlag til konsert med Kari Malmanger og Linda Gytri. Konserten er på Jostedal hotell.
Illstutrasjonsfoto:  Deutsche Fotothek/Wikimedia Commons
(14.03.2014)
Dei kommunale overformynderia er historie. 1. juli 2013 overtok staten v/fylkesmennene denne viktige oppgåva. Kva skjer med arkiva i samband med ei slik reform? Reglane er klare: Når ei oppgåve blir overført frå kommune til stat eller motsett, skal arkivet avsluttast, og overførast til depot.
Ole Elias Holck (1774-1842)
(12.03.2014)
1814. Det var litt av eit år. Under dramatiske omstende, i kjølvatnet av krig og europeisk maktspel, fekk Noreg sitt sjølvstende. Som offiser stod Ole Elias Hock frå Lavik midt i hendingane. På Fylkesarkivet sine sider kan du lese heile den spanande dagboka hans.
(10.03.2014)
Visningssidene for databasane våre er for tida ustabile.
Dina Krogh og familien
(07.03.2014)
Då Grunnlova vart skriven i 1814 fekk ikkje kvinner stemmerett. Det så sjølvsagt at kvinner ikkje skulle delta i det politiske liv, at det var ikkje eingong presisert at stemmeretten ikkje galt dei.
Forsida til Førde formannskap si møtebok for perioden 1861-1871.
(07.03.2014)
Fylkesarkivet har i år sett fokus på publisering av møtebøker frå formannskap og kommunestyre. Me har komme godt i gang med arbeidet, og stadig fleire protokollar vert tilgjengelege på heimesidene våre.
Lars Husteveit skal designe nye heimesider og det ser vi fram til med spaning
(07.03.2014)
På Fylkesarkivet har vi med jamne mellomrom faglunsj. Då set vi av tid til å diskutere saker og tema som vi ikkje har tid til elles i ein travel kvardag.
(06.03.2014)
Henting av stadnamnmateriale
Sogn og Fjordane
(04.03.2014)
Fylkesarkivet har fått kr 200.000 i støtte frå Norsk kulturråd til vidareføring av prosjektet om bruk semantisk webteknologi i arkivsektoren. Som det første arkivet i Noreg gir oss høve til å satse vidare på denne nye og spanande teknologien for indeksering, identifisering, søk og framfinning av ting på tvers av samlingar, geografi og fagfelt.
Lars Berg Hustveit
(25.02.2014)
Lars Berg Hustveit (28) er tilsett som informasjonsarkitekt og webutviklar hjå Fylkesarkivet frå 3. februar 2014.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login