Privatarkiv
Fylkesarkivet har som mål å kartleggje, samle inn, verne og formidle viktige privatarkiv i Sogn og Fjordane. Privatarkiv er ei interessant og samansett kjeldegruppe, med historisk dokumentasjon frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar. Privatarkiva utgjer eit viktig korrektiv til det offentlege arkivtilfanget.

Aktuelt

Framsida på Leikanger skiavis 1922
(01.02.2012)
Blå himmel og gnistrande skiføre lokkar oss i desse dagar til uteaktivitetar. Det gjorde det òg på Leikanger for 90 år sidan. Fylkesarkivet har digitalisert ei skiavis frå 1922, med både dikt, rennreferat og rapport frå ein hyttetur.
Rekneskapsprotokoll frå arkivet til Ytre Fjordane Kraftlag
(26.01.2012)
Fylkesarkivet registrerte 71 nye privatarkiv i fjor. I mengd utgjer dei over 200 hyllemeter. Det aller største var arkivet frå Firda Canning, som aleine fyller om lag 140 hyllemeter.
Malla Moe i 1949. Ho hadde då vore misjonær i Afrika i 56 år
(04.01.2012)
Susanna Lomheim Solem har skrive bok om den norskamerikanske misjonæren Malla Moe, ei fargerik, respektert, men òg omstridd kvinne frå Hafslo. I 1992 vart ho heidra i Swaziland ved å bli portrettert på to frimerke.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login