11; NoCache
Nettutstillingar

Arkiv på flyttefot
28. august 2007 var det i løpet av ein og ein halv time på føremiddagen både sol, regn og hagl i Måløy. Heldigvis var det mest sol då vi skulle flytte arkivmateriale frå Vågsøy kommune.
Les artikkel | Start nettutstilling

A/S Nordag i Årdal
Høsten 1940 vart Nordag, Nordische Aluminium Aktiengesellschaft, stifta i Berlin. Skipinga av Nordag var eit ledd i nazistane sine planar for industriutbygging i det stortyske riket og kom i stand på initiativ frå Hermann Göring. Nordag vart oppretta for å utnytte norsk vasskraft og norske aluminiumsressursar til fordel for den tyske rustningsindustrien. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har motteke ei rekke bilete frå A/S Nordag si verksemd i Årdal. Bileta er etter Erna Dahle, fødd Lorenz, som jobba i Årdal i 1942.
Les artikkel | Start nettutstilling

Industristaden Høyanger
Det rikhaldige fotomaterialet etter Eugene Nordahl-Olsen, som arbeidde som fotograf hjå aluminiumsverket i Høyanger, er ein viktig kjelde til kunnskap om reisinga av industristaden Høyanger. Fylkesarkivet har digitalisert dei nærare 7.000 bileta etter han. Nettutstillinga gir ein liten smakebit frå dette mangfaldige fotomaterialet.
Start nettutstilling
Fotograf Andreas Mathias Andersen
I sommar (2007) mottok Fylkesarkivet ei mindre samling glasplater etter fotograf Andreas Mathias Andersen. Bileta er truleg tekne kring 1880-1910, og viser motiv frå ulike delar av Sogn og Fjordane.
Les artikkel | Start nettutstilling
Fotograf Samson Brathole (1884-1960)
Samson Brathole frå Dale i Luster fatta tidleg interesse for fotografering, og reiste som 16-åring til Bergen for å utdanne seg innanfor feltet. I løpet av karrieren dreiv Brathole firma i både Arendal og Bergen i tillegg til at han fotograferte mykje i heimkommunen Luster.
Les artikkel | Start nettutstilling

Stølsområde frå jarnalderen i Friksdalen, Leikanger
Om lag 3 km inne i Friksdalen, ca. 800 m o.h ligg Svolset, eit eldgamalt stølsområde med ikkje mindre enn 15 tufter. Dei er datert til perioden 400-800 e.Kr, men det er uvisst kor mange av tuftene som var i bruk samstundes. Arkeologane held på med utgravingar og registreringar i dette spennande området.
Les artikkel | Start nettutstilling

Kontaktkonferansen 2007
Kontaktkonferansen er ei årleg tilskiping for kommunane og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, og samlar vanlegvis kring 70 deltakarar frå heile fylket.
Les artikkel | Start nettutstilling

Den trondhjemske postvei
Den Trondhjemske postvei gjennom Sogn og Fjordane vart bygd i åra 1780-1806. Til grunn låg ein kongeleg resolusjon av 13. mai 1785 om regelbunden og vekefast postføring mellom Bergen og Trondheim. Postvegen la løpet for ein stor del av det riksvegnettet vi i dag har i fylket, og fekk såleis mykje å seia for utviklinga i mange av kommunane langs vegen.
Les artikkel | Start nettutstilling
Gamle Lærdalsøyri
I ein av dei innerste sidearmane til Sognefjorden ligg tettstaden Lærdalsøyri. Jektene som kom til Lærdal la til ved Løytnantsbryggja. Frå denne bryggja var ikkje vegen lang til marknadsplassen, landhandlarane eller gjestgiveria. Mellom dei freda bygningane på Øyri ligg framleis dei gamle krambuene. Av dei gamle gjestgiveria er nokre enno i drift, medan andre er nedlagde for lenge sidan.
Les artikkel | Start nettutstilling
Sogndal 100 years ago - eit møte mellom historieinteresserte frå heile verda
22.05.2006. Torsdag kveld var Fylkesarkivet ved Karianne Schmidt Vindenes invitert til å halde eit foredrag på Sogndal bibliotek. Saman med Åge Engeseter frå Sogn folkemuseum deltok vi på eit nyskapande arrangement i regi av biblioteket og Sogndal mottak. Temaet for kvelden var ”eit glimt frå Noreg si historie”. Dette glimtet var formidla både på engelsk og fransk for interesserte tilhøyrarar frå heile verda.
Les artikkel | Start nettutstilling 1 | nettutstilling 2 | nettutstilling 3

På søndagstur
Våren er endeleg her, og kva gjer vi då? Fleire av oss drar på søndagstur. Dette er ein god tradisjon, og fleire av bileta i fotobasen vår viser ulike søndagsturar. Vi har funne fram nokon av dei og laga ei lita nettutstilling.
Les artikkel | Start nettutstilling


Forfattar: Øystein Åsnes (04/16/2009)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no