Arkivkatalogar

Ein arkivkatalog er ein katalog over offentlege eller private arkiv som Fylkesarkivet oppbevarar og har gjort tilgjengeleg. Arkivkatalogane våre femner om om lag 4500 arkiv frå heile fylket.

I depotet vårt oppbevarar me arkiva etter 22 av dei 26 kommunane i fylket, samt fylkeskommunen. I hovudsak er det arkiv fram til 1964 som er deponert hjå oss. For kvar kommune er det laga ei liste over alle arkivskaparane med oversyn over alt arkivmaterialet som denne arkivskaparen har skapt. Denne lista blir kalla ein arkivkatalog. Kommunale arkivskaparar kan til dømes vera formannskapet, eller det kan vera kvar einskild skule i kommunen. Det kan også vera kommunekassen, likningsnemnda eller ei lita nemnd som er nedsett av formannskapet. Ofte er det fleire titals arkivskaparar frå kvar kommune.

Nokon av arkivskaparane har gjennom åra danna store, omfangsrike arkiv, medan det frå andre berre finst eitt eller nokre få dokument. Arkivkatalogen fortel oss kor mykje arkivmateriale det er frå den einskilde arkivskaparen, og ofte vil det vera mogeleg ut frå tittelen å seia kva dei ulike protokollane og arkivboksane inneheld.

Arkivkatalogane frå dei ulike kommunane vart påbyrja på 1980-talet då arbeidet med å ordna kommunale arkiv i fylket vart påbyrja. Inntil for få år sidan stod arkivmaterialet for ein stor grad i kommunane. Ved innhentinga av dei kommunale arkiva til depotet på Hermansverk har det kome til nye arkivskaparar i tillegg til dei som allereie var ført inn i arkivkatalogane. Det er også kome til arkivstykke (protokollar og arkivboksar) som må samordnast med listene. Dette er eit omfattande arbeid som enno ikkje er sluttført. Det gjer at arkivkatalogane som ligg ute ikkje er fullstendige. Dersom det er noko de ikkje finn i arkivkatalogane, må de gjerne ta kontakt med oss. Me vil då sjekka dette ut.



Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login