EuropeanaLocal
EuropeanaLocal vart starta opp i juni 2008 og skal fullførast innan utgangen av mai 2011. Prosjektet har 32 partnarar frå 27 ulike land. Dei norske partnarane er Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Fylkesarkivet, Norsk Kulturråd og Avinet. Fylkeskommunen ved Fylkesarkivet er koordinator for prosjektet, og alle dei tre norske partnarane er representert i prosjektstyret.
I løpet av prosjektperioden skal Fylkesarkivet gjere digitalt innhald frå våre eigne samlingar, samt frå Fylkesbiblioteket og Musea i Sogn og Fjordane sine samlingar tilgjengeleg på Europeana.
Om Europeana
Europeana er ein fleirspråkleg portal som gir brukarane tilgang til digitalisert kulturhistorisk materiale frå heile Europa. Her vil du finne måleri, tekstar, musikk, film, foto, museumsgjenstandar og mykje meir frå europeiske arkiv, bibliotek, museum og galleri.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

