Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Fylkesatlas

Er du interessert i å lære om historia til heimstaden din? Då kan Fylkesatlas vere eit godt utgangspunkt.
Skjermbilete frå Fylkesatlas
Her ser vi korleis artiklar frå Kulturhistorisk leksikon vert vist i Fylkesatlas

I karttenesta Fylkesatlas har Fylkesarkivet lagt inn lenker til dei delene av innhaldet vårt som er kartfesta. Du vil mellom anna finne stadnamn, artiklar i kulturhistorisk leksikon, bilete og freda bygningar.

I Fylkesatlas kan du finne fram til kommunen din. Ved å klikke på dei ulike vala under menypunktet kultur og historie kan du velje kva kategoriar du vil vise i kartet. Ved å klikke på kikkerten i verktøylina kan du markere dei treffa du ynskjer å sjå nærare på.

Fylkesatlas er utvikla i eit samarbeid mellom fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login