Innsyn i arkiv

Offentlege arkiv er i regelen opne for innsyn for alle.

Alle har rett til innsyn i offentlege arkiv som ikkje kan unntakast offentlegheit med lovleg heimel. For å få innsyn i offentlege arkiv som er avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane kan du ta kontakt med oss på epost, telefon eller med brev. Me kan legge fram arkiv for innsyn på lesesalen vår og me kan i mange høve sende kopiar av arkivmateriale direkte til deg enten som papirkopi eller som digitaliserte kopiar.

I tillegg har ein kvar rett til innsyn i saker som gjeld deg sjølv og din eigen historie. Dette gjeld om sakene er unnatekne offentlegheit eller ikkje. Dette kallar me partsinnsyn. Lovverket om partsinnsyn opnar for unntak av nokre typar opplysningar, men hovudprinsippet er at du som enkeltindivid har rett til innsyn. For å nytta deg av retten til partsinnsyn er det i hovudsak best å ta kontakt med kommuneadministrasjonen der saka har vore handsama og late førespurnaden gå gjennom kommunen.

For eldre og avslutta arkiv kan du finne informasjon om arkiva på sidene Arkivkatalogar og Møtebokregisteret.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login