Heim ›
Kva har vi?
Fylkesarkivet ordnar og formidlar eldre og avslutta arkiv frå fylkeskommunen og alle kommunane i fylket. Me er sentraldepot for eldre og avslutta arkiv frå 22 av kommunane i fylket og for fylkeskommunen, og depot for fullelektroniske arkiv frå fylkeskommunen og alle kommunane i fylket. Fylkesarkivet tek også hand om personmateriale/rettigheitsdokumentasjon som har gått ut av administrativ bruk.
Fylkesarkivet arbeider for at arkiv frå den kommunale og fylkeskommunale verksemda vert oppbevart og formidla i tråd med gjeldande lovverk. Eit viktig prinsipp i demokratiet vårt er mellom anna sikra i offentleglova. Alle, både samfunnsaktørar og enkeltindivid, har rett til innsyn i offentlege arkiv. Offentleglova skal slik trygga at forvaltinga og deira utøving av mynde er gjennomsiktig og mogleg å kontrollera.
Dei offentlege arkiva utgjer også ei interessant og omfattande samling med kjelder. Administrasjonshistorie og lokalhistorie kan granskast gjennom desse kjeldene i tillegg til at dei inneheld opplysningar om enkeltindivid. Du finn meir om desse arkiva under sidene Arkivkatalogar og Møtebokregisteret
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

