Kva privatarkiv har vi?

Fylkesarkivet har registrert litt over 2000 privatarkiv. Dei er i hovudsak oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men nokre finst òg i kommunane. Det gjeld til dømes Sogndal og Vik, som har eigne lokalhistoriske arkiv. Dessutan oppbevarer Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum og Sunnfjord Museum ein del privatarkiv.

Dei fleste privatarkiva er ordna og katalogiserte, og såleis tilgjengelege for publikum på Fylkesarkivet sin lesesal. Eit oversyn over registrerte arkiv finn du i arkivkatalogen.

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login