Omvisningar

Ein tur ned i magasina til Fylkesarkivet kan vere ei spanande oppleving. Vi kan vise fram reolar fylt med spanande historier frå heile fylket.
Omvising under arkivdagen 2008.
Omvising under arkivdagen 2008. Arkivar Sturla Binder fortel om eit av arkiva våre. (Foto: Arild Reppen)

Fylkesarkivet tilbyr omvising i magasina som ein del av tilbodet ved arkivdagen. Arkivdagen er eit samarbeid mellom arkiv i heile norden. Formålet er å vekke interesse for arkiva som samfunnets minne – både for fortid og framtid. Arkivdagen vert arrangert i november.

Fylkesarkivet opnar også for at skuleklassar og andre grupper kan få omvising i magasinet. Omvisinga er då gjerne ein del av eit program der vi fortel om dei ulike tenestene våre.

Skuleklassar og andre grupper som er interesserte i ei omvising på Fylkesarkivet er velkomne til å ta kontakt med oss.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login