Personmateriale

Dette fagområdet omfattar dei delene av arkivfaget som tek for seg handsaming av personregister.

Personopplysningar vert samla i ulike personregister, og dette vert definert i personopplysningslova § 2. Handsaming av personopplysningar er underlagt strenge lover og reglar. Fylkesarkivet fungerer som kompetanseinstitusjon for kommunane og fylkeskommunen, og tilbyr kurs i handsaming og avlevering av slikt materiale.

Fylkesarkivet er også arkivdepot for personregister som ikkje lenger er i administrativ bruk, og som har vore ute av bruk i minimum ti år. Alle som skal avlevere personregister til Fylkesarkivet skal ordne og registrere desse i tråd med Fylkesarkivet sine retningsliner.

Sjølv om mappene vert avlevert til Fylkesarkivet, er det framleis den aktuelle kommunen eller fylkeskommunen som eig arkivet, og alle førespurnader om innsyn skal gå gjennom avleverande eining. Mappa vert då returnert til avleverande eining, som så vurderer innsyn etter gjeldande lover.

Nedanfor vil du etter kvart finne rettleiingar som kan vere til hjelp i dette arbeidet. NB! Det vil også vera rettleiingar under emnet Arkivdanning som er aktuelle og som gjeld det daglege arbeidet med desse arkiva.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login