Utvandring og slektsforsking
Utvandring
Fylkesarkivet har ein eigen database med amerikabrev, med om lag 3000 registrerte dokument. Det er i hovudsak tale om korrespondanse USA-Noreg, men det finst òg brev frå andre land.
Fylkesarkivet har i tillegg bygd opp ei amerika-samling, US-Collection, som inneheld slektstavler og anna informasjon om utflytte sogningar og fjordingar.
Emigrantlister, register over inn- og utflytte og andre relevante hjelperåder finn du i Digitalarkivet.
Fylkesarkivet har i tillegg samla ein del informasjon om utvandringa frå Sogn og Fjordane til USA. Desse tekstane er på engelsk.
Slektsforsking og persondata
Dei viktigaste ressursane for slektsforskarar er samla i Digitalarkivet. Forutan folketeljingar finst det her ei mengd register, til dømes over døypte, vigde og gravlagde i delar av Sogn og Fjordane. Digitalarkivet er òg inngangsporten til dei skanna kjeldekopiane for kyrkjebøker, skiftemateriale og tingprotokollar.
Normalt tek ikkje Fylkesarkivet på seg arbeid med å finna fram slektsinformasjon. Dette må brukarane gjera sjølve ved å bruka dei kjeldene som er nemnde ovanfor.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
